Søk


Årdalsnett AS Utladalsvegen 1 6884 Øvre Årdal, Tlf.: 57 66 44 00 Feilmelding/support: 99 48 40 87 / helpdesk@ardalsnett.no

Gratis Antivirusprogram

Kjære breibandskunde i Årdalsnett AS.

Mange av oss er plaga av PC-virus spreidd via Internet. Problemet er aukande, og Årdalsnett har valgt å abonnere på antivirus program og legge dette inn som ein del av breibandstenesta du har hjå oss. Dette utan auke i pris til deg.

Me har valgt OfficeScan frå Trend Micro. Dette produktet er i ymse testar kåre til vinnar, det beskyttar PCen godt og er lett å installere og bruke.

Følg linken du har fått i e-postkassen din. Du kjem då til ein nedlastingsstad for produktet, der du óg får rettleiing om korleis produktet skal installerast og brukast. Me strekar under at eventuelle andre antivirus program må avinstallerast før du installerar OfficeScan. Dersom du ikkje har fått ein slik e-post, send ein melding til antivirus@ardalsnett.no. Då vert ny melding sendt ut.

Merk deg at dette tilbodet kun gjeld til breibandskundar i Årdalsnett, og er knytt til e-post adressa du er tildelt her.

Årdalsnett er overtydd om at når alle våre kundar har installert dette, vil det føre til ein betre og meir stabil PC kvardag for deg, og for ein betre ”helsetilstand” i nettet vårt!

Informasjon om installasjon og bruk finn du her: Officescan.pdf
Fila er i Acrobat PDF format, dersom du ikkje har lesar for dette kan det lastast ned frå Adobe sine heimesider.


<-- Tilbake
klikk her for tips ein venTips ein ven
 Tips ein ven
Frå
Skriv di epost-adresse
Til
Skriv mottakaren si epost-adresse
Tittel Gratis Antivirusprogram
Beskrivelse Kjære breibandskunde i Årdalsnett AS.Mange av oss er plaga av PC-virus spreidd via Internet. Problemet er aukande, og Årdalsnett har valgt å abonnere på antivirus program og legge dette inn som ein de...
Kommenter innhaldet her