TELIO: "Ring Gratis"

"Teljarsteg skal være gratis!"
Årdalsnett formidlar telefoniløysing via breiband !
Er du breibandkunde hjå Årdalsnett, kan du no spare mykje på å tinge IP Telefon via oss.
IP står for "Internett Protokoll", og det betyr at telefonen brukar det same nettet som PCen din.
Du kan med andre ord sei opp abonnement på fasttelefon, behalde same nummeret og spare store beløp pr. år på telefonutgifter!
Bestilling av abonnement må gjerast gjennom Årdalsnett via linken nedanfor.
Telfoniløysinga vert levert av Telio AS, sjå informasjon om desse på
https://web.telio.ch/bli-kunde/privat/1040
.
På grunn av faktureringsrutiner, brukarstøtte, flyttbare nummer og andre kundeforhold, må den einkelte abonnent ha eit direkte kundeforhold til Telio.
Abonnementet kostar kr. 159,- pr. mnd for eit nummer, kr. 239,- for to nummer.
Dette inkluderar fri ringing til alle fasttelefonar i Norge,Vest Europa og Nord Amerika, og 100 minuttars fri ringing samla til dei fleste andre land som ein ”normalt” ringer til. (sjå prislister på
https://web.telio.ch/bli-kunde/privat/1040
.).
I fyrste omgang gjeld dette tilbodet til privatpersonar, men me jobbar for at også bedrifter skal kunne tinge dette.
Telio si løysing er basert på at kunden mottek ein adapter som koblast til nettverksuttaket i kabel TV modemet.

Til adapteren koblar ein så opp ein vanleg, analog telefon. Dei fleste slepp med andre ord å skifte telefon ved overgang til IP telefon frå Telio. Ein annan fordel med dette, er at adapteren kan takast med til andre stadar i nettet (for eksempel hjå nabo, på jobb og alle stadar ein kan få tildelt IP adresser), og ditt telefonnummer fylgjer med.
Har du spørsmål: Ring oss eller send ein e-post til post@ardalsnett.no
<-- Tilbake