Kva er breiband ?
Breiband er teknologiar som gjev oppkobling til Internett og lokale nettverk med hastigheitar som er overlegne dagens modem, ISDN og ADSL. Det er ikkje fastsett nokon standard for kva båndbreidde som er krevd for at det kan kallast breiband, men Post- og Teletilsynet uttalar:
“Båndbredde er et uttrykk for overførings-kapasitet, dvs. datastrømmen per tidsenhet i et system.
En vanlig inndelingsmåte for båndbredde er :
- smalbånd (opp til 64 Kbps, typisk eks. ISDN),
- mellombånd (fra 64 Kbps til 2 Mbps) og
- bredbånd (over 2 Mbps).”
Årdalsnett tilbyr breiband med høghastigheits dataoverføring av tale, tekst og videosignal i ein kanal. Dette er det nyaste innan nettverk til heimen din. Hjå oss vert du ikkje belasta med teljarsteg, og betalar kun ei fast månadsavgift uansett bruk. I fyrste rekke blir breiband bli brukt til Internett tilgang, men fleire og fleire velger og å nytte breibandslinja til telefoni (IP telefon).
I framtida meiner mange at TV og all anna elektronisk kommunikasjon til heimen blir basert på breiband.
Kva kan det nyttast til ?
Det fyrste du får er sjølvsagt raskare Internett utan å måtte betale teljarsteg. Du og din familie kan uavgrensa laste ned filer og anna informasjon, lytte til radiokanalar frå heile verda, utveksle e-post samt anna aktivitet, utan at det kostar deg noko meir. Du får også mogelegheit til å lage eigne heimesider og alle familiemedlemmar kan få si eiga e-postadresse.
Kva treng eg på PC’en min for å benytte breiband ?
Breiband levert frå Årdalsnett vil gå gjennom kabel-tv anlegget. Dette inneber at ein må vere tilknytta kabel-tv nettet vårt. Me monterar eit kabel-tv modem i nærleiken av din vegg-boks for kabel-tv. Ein må og ha nettverkskort installert på datamaskina si.