Søk


Årdalsnett AS Utladalsvegen 1 6884 Øvre Årdal, Tlf.: 57 66 44 00 Feilmelding/support: 99 48 40 87 / helpdesk@ardalsnett.no

Bakgrunn og status

Hausten 2000 såg Årdal Kommune behovet for eit breibandselskap i bygda, og inviterte lokale verksemder og privatpersonar til samarbeid. Eit forprosjekt finansiert av kommunen gjennom Årdal Utvikling, Årdal Næringssamskipnad og  Årdal Energi  vart gjennomført og resultatet presentert i februar 2001.

Vinteren 2001 vart det gjennomført ein retta emisjon mot utvalde aktørar, og Årdalsnett AS vart formelt stifta 21.05.2001.

Pr. juli 2007 har selskapet 2.150 kundar på kabel TV.

På breiband har Årdalsnett nesten 1.100 privatkundar og over 50 bedriftskundar.

Me har fiber til mange bedrifter, og til nesten alle kommunale lokasjonar i Årdal, t.d. administrasjonsbygg, skular, barnehagar, sjukeheim, aldersheim, eldresenter, bibliotek, energiverk, helsestasjonar, idrettsanlegg m.m.

I dag har me fylgjande produkt og tenester:

      • Kabel TV
      • Breiband på fiber
      • Breiband via kabel TV
      • Portalløysingar (eWay)
      • E-post
      • Årdalsportalen www.ardal.no
      • Streaming (web TV - live)